ISSN 1652–7224  :::  Publicerad den 20 juni 2004

Fotball i Oslo rundt år 1900[1]

Frode Fretland
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal





Fotballhistorie! Mange har eit forhold til dette ordet. Fotballhistorie er stort. Det er store spelarar, store lag og store hendingar. Fotballhistorie var brasilianske verdsmeistrar med Pele i spissen som spela fotball etter sambarytme og det var danske europameistrar som fekk danskane til å velta seg i vassfontenene i København i 1992, medan folk berre gjekk og smilte til kvarandre. Det var norske damer som vart “grashopper” av å vinna verdsmeisterskapen i 1995 og det var Drillos menn som vart hylla av ein heil nasjon etter slaget mot Brasil i Marseille sommaren 1998. Målet, laga med Guds hand av Maradona er fotballhistorie.

Mi fotballhistorie er noko anna. Det handlar i liten grad om dei store hendingane, dei store laga, eller dei store personane. Mi fotballhistorie handlar om fotball i Oslo, altså fotball i ei lokalhistorisk ramme. Det er noko med lokalhistoria som er fascinerande, med den lokale fotballhistoria. Ikkje resultata, men noko anna. Det går an å sjå med nærsyn på utviklingstrekk i ein lokal kontekst på eit tema som for mange er alvorleg og viktig. Gjennom studie av fotball kan ein finne noko prosessuelt, ei utvikling. Det skjer ei endring frå noko til noko anna. Doktorgradsprosjektet mitt handlar nettopp om dette – om fotball i Oslo i perioden 1885-1940. I denne artikkelen vil eg gje eit liten smakebit frå den tidlege perioden.

Dei fyrste truverdige spora på fotballspel i Noreg er henta frå hovudstaden. “Det var i Oslo det begynte; den lyd som alle vi fotballspillere kjenner så godt og er så glad i, den korte tørre lyd av benet på ballen hørtes først her i byen i 1885”[2]. Den fyrste klubben i Noreg var Kristiania Fotballklub med stiftingsdato 28 mai 1885. Dei to mest sentrale personane for danninga var student Johan Georg Dahll og kontorsjef Emil Salvesen “som nylig hadde kommet hjem fra studieopphold og forretningsreise i England med en ny ball i bagasjen”[3]

Sjølv om det ikkje er funne truverdige kjelder om fotballspel før 1885 finnast det ei skildring om fotballiknande aktivitet i Oslo frå 1856. Engelskmannen W. Mattieu Williams som var på reise i Norge dette året, overvar ein engelsk akrobattrupp i Oslo, nærare bestemt ved “forlystelsesstedet Klingenberg”[4]. Der såg Wiliams “the father playing at football with his sons”[5]. Omgrepet fotball er brukt både i den engelske og i den norske oversettinga frå 1965, men det er meir sannsynleg at dette dreiar seg om ballsjonglering som del av ein sirkusaktivitet, og slik sett ikkje kan sjåast inn i ein idrett (eller sport)-kontekst. Denne aktiviteten var langt frå det spelet som vart innført i Norge i 1885[6].

Den fyrste fotballkampen der eit norsk lag var involvert vart spela 7. oktober 1886 då Kristiania FK skulle måle krefter med engelske offiserar og kadettar frå dei to båtane “Minotaur” og “Iron Duke”[7]. Kristiania FK hadde vore aktive med fotball i over eitt år utan at andre lag var danna i byen. Kampen skulle gå føre seg på ei treningsbana på Holteløkka ved Uranienborg Kirke like utafor Oslo Sentrum. Kong Oscar II sitt besøk om bord på den eine engelske båten sette imidlertid kjeppar i hjulet for arrangøren, og berre fire engelskmenn møtte. Det vart likevel bestemt at kampen, som hadde vore annonsert i fleire dagsaviser i forkant, skulle gå[8]. Dei engelske spelarane vart supplert med norske spelarar. “På det ene parti stod således de fire engelske kadetter sammen med 7 norske spillere mod de 11 udvalgte blå der altså skulde danne eliten af Kristiania Footballclub”[9]. Dei ca 2000 tilskodarane fekk sjå ein kamp dominert av norsk fotballspelarar. Det heilnorske laget vann 3-0.

Dagen etter var det ikkje kongebesøk og engelskmennene ville ha revansje. Dei møtte med 13 mann som alle kravde å få spela. Det enda med at Kristiania FK sette inn to reservar i tillegg til dei ordinære 11 spelarane, slik at det vart ein kamp med 13 mann på kvart lag. Sjølv om kampen ikkje var annonsert møtte det opp fleire hundre tilskodarar til denne kampen òg. Engelskmennene dominerte totalt og denne dagen var det dei som vann kampen lett 3-0.

Eksempla ovanfor viser i praksis Henrik Sandblad sitt utsegn om at “Storbritannien, och i synnerhet England, är obestridigt den moderne idrottsrörelsens modersköte”[10]. Men før fotballen kom til Norge hadde sporten gått gjennom ein sportifiseringsprosess i England[11]. Fotballen hadde vore gjennom ei langvarig sivilisering (frå 1300-talet) og ein relativt ny fase med demokratisering (andre halvdel av 1800-talet). Siviliseringa førde til mindre vold og til sjuande og sist ei nedskriving av felles reglar. Demokratiseringa førde til at fotballen sosialt vart spreidd frå overklasse og middelklasse og til lægre klassar. Noko som førte til sosial og geografisk utviding av spelet. Matti Goksøyr meinar det ikkje var tilfeldig at det var i den same perioden som fotballen i England var utbreidd i samfunnet at spelet først begynte å spreie seg til Europa.[12]

Kva var det som vart innført i 1885? ”Football eller på norsk fodbold er en ægte engelsk nationalsport som drives av baade voksne og børn” kunne Laurentius Urdahl, ein av stiftarane av Kristiania Fotballklub, meddele i Norsk Idrætsblad no 21 1886. Han held fram: “Som man af navnet kan forstå, består spillet i, at man slår bold med foten.” I den vidare gjennomgangen tok han føre seg forskjellen mellom “Association og det såkalte Rugby-spil, hvor man har lov til at benytte både hender og fødder…desuden har tilladelse til at spænde og sparke hinanden, så meget man lyster” Urdahl meinte at rugby-spelet ikkje var noko å trakta etter, medan fotball spela etter association-reglane var ein sunn og morosam idrett, “som på en gang udvikler både ånd og legeme”. I neste nummer av bladet greidde han ut om dei engelske association-reglane. I 14 paragrafer skildra han korleis spelet skulle organiserast og spelast. Urdahl presenterte i tillegg ei skisse av bane og “deltagernes heldigste opstilling”, og han gav “nogle vink for nystiftede fodboldklubber”[13] .

Fig 1. Laurentius Urdahl si skisse av fotballbane i Norsk Idrætsblad no 21 1886
(Legg merke til lengdemåla 100X200 meter)

 

Regelutviklinga, som kan sjåast på som ein del av siviliseringsprosessen til fotballspelet, var avgjerande for at fotballen kunne koma ut over sin lokale kontekst. Eit klart regelsett måtte til for å regulera spelet. Regelgrunnlaget var avgjerande for spreiinga. Det må likevel understrekast at sjølv om regelgrunnlaget i avsendarlandet England var til stades var ikkje dette nok for å få til automatisk spreiing i mottakarlandet Norge. Ein heilt avgjerande premiss var at det både var interesse og legitimitet for å innføre denne til då totalt ukjende sporten i mottakarlandet.

Fotball og Rugby

Fotball hadde ein tøff start i norsk idrett. Det var ei stor utfordring for fotballentusiastar å overbevise andre om at fotball var ein sunn og god idrett for den oppveksande slekt. Ei spesiell utfordring var den fysiske karakteren og kroppskontakten som prega spelet. Korleis kunne den styrast slik at det ikkje medførte skadar? Det var viktig å ha klare reglar og ta avstand frå dei idrettane som hadde større valdspotensiale, slik som til dømes rugby. I den fyrste omtalen av fotball i Norsk Idrætsblad 22.oktober 1886 var Laurentius Urdahl omhyggeleg oppteken med å skilje fotball og rugby:

Man har nu to forskjellige spillemåder; den ene – som er den ældste og oprindelige og som kaldes “association, hvor man kun har lov til at benytte benene til at drive bolden afsted – er et meget interessant og sundt spil, der også her i landet burde almindelig udbredelse. Det andet derimod, – det såkaldte “Rugby”-spil ... er temmelig voldsomt… dette spil løber derfor sjelden af uden større eller mindre beskadigelser.[14]

Det neste sitatet viser likevel at det ikkje var så lett for mange å skilje mellom fotball og rugby. Ei heller at fotball skulle vera eit slikt sunt spel.

Når våre fotballentusiaster senere drev propaganda for sin idrett, blev den møtt med at denne idrett var rå og brutal, i alle fall slik som englenderne drev den. Det hadde de selv sett, kom ikke der![15]

Denne type kritikk er likevel ikkje noko ein ser i dei fyrste omtalane av fotballspelet. Slik kritikk får derimot meir vind i segla frå 1894 og utover. Då prøvde fleire akademikarar å gjennoppliva fotballen i hovudstaden etter at den hadde lege daud ei tid. I den perioden var og ein viss synleg motstand i media tydeleg til stades. I fylgje Olstad og Goksøyr gikk denne “polemisenende motstanden mot fotball på det som ble ansett som upassende, helseskadelig og rent ut farlig”.[16]

Etableringa av Kristiania Fotboldclub i 1885 og oppvisningskampen i Oslo i 1886 var to nedslag som førte til auka fotballaktivitet i hovudstaden. I tillegg gjorde Laurentuis Urdahl og Norsk Idrætsblad det lettare for potensielle klubbar å bli danna. Ved å gjengi dei engelske reglane, lage skisse av bane med oppstilling av spelarane (sjå figur 1), “gi nogle vink for nystiftede fotballklubber” og i tillegg gjengi Kristiania Fotballklub sine lover, hadde Norsk Idrætsblad gitt kokeoppskrift på korleis danna ein fotballklubb. “Spring”, som var den andre klubben som vart danna i Oslo, tidleg i 1887, følgde denne oppskrifta: “...spillet skal foregaa efter association regler. Til love er antaget Kristiania Footballclubs med de forandringer som er nødvendig for en skoleklub”[17] Seinare vart det danna fleire skulelag ved dei høgare skular i Oslo. Reglane som klubbane følgde var omtrent kopiar av Kristiania Fotballklub sine reglar.

Dei skulebaserte fotballklubbane fekk ganske raskt problem. I 1890 vart Kristiania FK oppløyst. Fleire av medlemmane var ferdig med studiane og reiste frå byen. Laurentius Urdahl skreiv “Vi realiserte alle vore eiendele og overlot pengene til Sogneprest Heuch i Uranienborg at benytte til sognets fattige”.[18] Dei andre skuleklubbane var og ustabile, ikkje minst fordi studentane og elevane gjekk på skule i ei avgrensa tid. I tillegg var banetilhøva elendige i hovudstaden. Byveksten på slutten av 1800-talet jagde fotballaktiviten ut i randsonene av byen og det var fyrst når Frognerparken og Frogner Stadion vart bygd tidleg på 1900-talet at fotball, saman med friidrett, tennis og skøyter, fekk aktivitetsvekst i organisert form.

Fotball i dei høgare skulane i Kristiania fekk for alvor vind i segla etter århundreskiftet og skulefotballen var det fyrste vellykka forsøket på å organisera ein kampserie i fotball i hovudstaden. Serien vart starta opp i 1903 etter initiativ frå Akademisk Fotballklub som var stifta same året. Den sterke idrettsleiaren og kapteinen i militæret O.T. Klingenberg (seinare mangeårig gymnastikklærar ved Kristiania kommunale middelskole) skreiv om skulekampane i Norsk Idrætsblad. Dette var nok med på auka interessa for sporten og samtidig legitimera fotball som idrett og sunn aktivitet på linje med andre aktivitetar som ski, turn/gymnastikk og friidrett.

Fotball som “friluftsidræt”

Rundt århundreskifet var det tydeleg aukande interesse for fotball både i militæret og blant pedagogar. Dei viktigaste argumenta var at fotball var ein sunn idrett om den vart driven riktig. Særleg vart desse argumenta nytta av pådrivarar for sunn fysisk aktivitet. Argumenta var heilt klart instrumentelle og retta mot å få ein sterkare og sunnare ungdom. Det er spesielt verd å leggja merke til at fotball i denne samanhengen vert nemnt som ein fornuftig “friluftsidræt” for skuleungdom. Slik vert fotballen ein del av den diskursen som knyter seg til danning av den oppveksande slekt. Skule og utdanning skulle ikkje berre handla om teorifag, men og sunn livsførsel og fysisk aktivitet. Det beste var om fysisk aktivitet skjedde ute i friluft!

Figur 2: Fotballaktivitet blant barn og unge ved Tullinløkka i Oslo sentrum.
Kjelde: Thaugland Calli: Fra gamle Oslo, Gyldendal Norsk Forlag 1975, s.61.

Ideen til fotball som friluftsidrett kan ha kome frå Hans Hegna. Hegna hadde på oppdrag frå Kirkedepartementet i perioden april-juni 1902 vore på reise til Tyskland og Storbritannia for å undersøka på “hvad der i tyske og engelske byer gjøres til fremme af friluftslek”[19]. Der skildra han sin situasjon i fire byar i Tyskland, to i England og ein i Skottland. I Manchester i England fekk Hegna mulegheit til å “overvære en fotballmatch, som arrrangeredes af The Headmaster ved Waterloo Board School for at vise mig folkeskolegutter paa lekepladsen. Jeg har hidtil ikke set mere behersket spil af skolegutter i den alder”[20]. Hegna hadde lagt merke til at fotball og langball (slåball) var blant dei mest populære aktivitetane i gymnastikktimane. I Manchester som i andre byar i England hadde dei eigen School Football Association.

Slik eg forstår Hegna var dette organisasjonar som ikkje berre jobba med fotball, men og friidrett. Når det galt fotball skulle deltaking i denne aktiviteten gi spesielle fordelar for skuleungdomen:

Det er interessant at læse hvad der fra de forskjellige foreninger er indkommet som svar paa spørgsmaalet om arbeidets resultater. Det konstanteres at de gutter som regelmæssig øver football har et bedre utseende end de gutter som sjelden øver denne lek, og der fremhæves, at football er uden sammenligning den bedste gutteleg i verden. Fra Leeds meldes, at gutterne har gjort sit skolearbeide bedre, siden man tog til at følge dem ud paa lekepladsen, og alle skolens stipendier er vunden af footballspillere. Man har ogsaa iagttaget en merkelig forandring til det bedre i gutternes sprog og omgangstone. Sekretæren i London Football Association skriver.”At football udvikler eleverne fysisk, tror jeg, ikke nogen længer tviler paa. Men denne lekens evne til at indvirke paa karakteren, maa man heller ikke se bort fra. Taalmod, selvherredøme, vilje til at overvinne vanskeligheder – alt dette vokser hos den gutt som øver football. Leken knytter gutterne mere fast til lærerne og skolen, hvilket atter virker tilbake paa deres arbeide med læsefagene”... Ogsaa her i Edinburgh øvedes folkeskolegutter i football udenfor skoletiden under ledelse af lærerne. The School Board opmuntrede til deltagelse ved uddeling af præmier.[21]

Hegna meinte at det burde leggast til rette for skuleungdommen i Kristiania slik at dei kunne få betre mulegheit til å drive med det som han kalla sunn friluftsleik, her spesielt nemnt fotball og langball (slåball).

Med Kristianiaforhold for øie vil jeg faa lov at udtale, at det første, som her burde gjøres, er at faa udbedret skolernes lekepladser og saa lade eleverne faa adgang til dem ogsaa udenfor skoletiden – i førstningen under ledelse. Kan ikke skolernes lekepladser brukes til langball eller fodball, maa nogen større pladser, som kan benyttes af flere skoler, anskaffes.[22]

I sin rapport etter dei fyrste vellykka skulekampane i 1903 nytta Akademisk Fotbalklub same omgrep som Hegna i sitt skriv. “At dømme efter den tilslutning og interesse, som konkurrancen vakte, synes denne at være et rigtig greb i retning af at vække og samle interessen blandt skuleungdommen for friluftsidræt”[23]. Rapporten argumenterte for at fotball blant skuleungdom var ein god aktivitet, men den måtte styrast.

Fornuftig drevet er fotboldsport gynmastisk seet udmerket og har desuden mange betingelser for at slaa an hos ungdommen. Den øves ogsaa i gymnastiktimerne ved flere af de de større skoler. Hvis derfor Akademisk Fodboldklub ved Centralforeningens velvillige imødekommenhed kunde sættes istand til at faa et saadant stevne aarlig arrangeret, med hensyn til hvilket ogsaa gymnastiklærerne kunde arbeide, tror vi meget vilde være vundet i retning af at faa en rask, freidig ungdom.[24]

Skulekampane i 1903 var godt gjennomført og det vart vist stor interesse blant autoritetsinstitusjonar i norsk idrett. Norsk Idrætsblad skreiv om det, Centralforeningen for Udbredelse af Idræt gav ut 11 sølvbegre i premiar og kvar spelar på det vinnande laget fekk diplomen frå Norsk Fodboldforbund signert av presidenten, sekretæren og materialforvaltaren. Den høgtidelege uttdelinga til handelsgymnasiet sine 11 spelarar vart gjort ved eksamensfesten 1903 av gymnasiet sin direktør.

Kampane mellom skulelaga vart suksess og i 1904 vart det opna opp for middelskulelag som var aldersnivået under “gymnasielaga”. I innbydinga i Norsk Idrætsblad dette året ser ein heilt klart den engelske inspirasjonen: “Tanken var – om mulig – at faa fastslaaet en saadan aarlig kamp i lighed med de engelske skole-matcher”[25]. Mange skulelag i hovudstaden fatta interesse og skulefotballen var slik sett sentral i høve rekrutteringa til denne forholdsvis nye sporten. I 1903 var det fire “gymnasier” med, og i 1904 kom sju middelskoler med. I 1908 var talet henholdsvis seks og ti. Kampane held i fyrste omgang fram til og med 1912, då ein fekk problem med baner.

Avslutning

Utviklinga av reglar var ein sentrale faktorar i fotballen si tidlege fase i Oslo. Etter kvart vart reglane institusjonalisert og knytt nær opp til fellesorganisasjonane for fotball. Danninga av Norges Fotballforbund i 1902 og Oslo Fotballkrets i 1905 var heilt avgjerande her.

Fotballspelet dyrka av unge gutar var avgjerande for den veksten sporten i Oslo fekk utover på 1900-talet, og skulefotball som her er omtala spela ein viktig faktor for danninga av fleire fotballklubbar tidleg på 1900-talet. Fotball var likevel ingen offisiell del av skulane sin aktivitet i skuletida. Det er få spor etter fotball i gymnastikkundervisninga i Oslo. I ein gjennomgang av gymnastikkinspektøren sine rapportar og referat frå Oslo åra 1885 og fram til 1910 er fotball ikkje nemnt. Derimot er den lingske gymnastikken heilt sentral som aktivitet i gymnastikktimane. Det var heilt klart spenning mellom gymnastikken, som skulle vera nyttig, og den engelske sporten som representerte det unyttige, og som trass i mange gode forsøk ikkje fekk innpass i skulen.

Skuleungdomen nytta fritida, vart etter kvart vaksne, og fotballen hadde stort vekst i Oslo utover på 1900-talet. Tida etter århundreskiftet medførte dermed store utfordringar for dei som var interessert i å utvikla sporten vidare. Stor medlemstilgang med utbreiing til fleire sosiale lag medførte så stort press både organisasjonsmessig og materielt at det i åras løp vart danna fleire organisasjonar for fotball i Oslo. I mellomkrigstida var det særleg spenning mellom Arbeidernes fotballkrets og den såkalla borgarlege organisasjonen Oslo Fotballkrets. Begge kjempa om hegemoniet over den organiserte fotballen i Oslo. Mellomkrigstidas klassekamp gav dermed fotballspelet ein ekstra sosial dimensjon. Dette og mange andre tema vert teken opp i avhandlinga mi om fotball i Oslo 1885-1940.

Noter 

[1] Hovudstaden i Noreg heitte Kristiania fram til 1924, då den fekk namnet Oslo. For ikkje å forvirra lesaren kjem eg gjennomgåande til å bruka bynamnet Oslo.

[2] Andersen P. Chr: Noregs Fotballforbund gjennem 25 år Oslo 1927s.9.

[3] Goksøyr Matti, Olstad Finn: Fotball! Norges Fotbasllforbund 100år, Oslo 2002, s.26.

[4] Om Klingenberg som forlystelsessentrum, sjå Oslo Bys historie 1990, bind 3 s.120, 299.

[5] Williams W Mattieu: Through Norway with a knapsack, 3.edition London 1860 (1.ed 1856), s.11.

[6] Det er likevel ikkje heilt problemfritt å snakke om eit skilje mellom sirkusaktivitet og idrett i den tidlege fasen for den moderne idretten. I 1889 og 1890 vart til dømes kappløp på ei engelsk mil arrangert i Klingenberg- området, nærare bestemt på Tivoli. Arrangementet vart direkte knytt til underhaldning, men eit sentralt aspekt for konkurrentane var å bli best. I eit sportifiseringsperspektiv vil løpskonkurransen skilja seg dramatisk ut frå sirkusaktiviteten. Frå eit tilskodarperspektiv er det likevel ikkje sikkert skiljet var så stort.

[7] Det vart spela ein fotballkamp i Bergen nokre veker tidlegare då det engelske flåtebesøket var der, men det var ein (oppvisnings)kamp mellom mannskap om bord på dei engelske båtane. Ingen norske spelarar skal ha vore med der. For meir om hendinga i Bergen sjå Goksøyr Matti: Idrettsliv i borgerskapets by. Doktoravhandling NIH 1991, s.270-71.

[8] Mellom anna var det førehandsomtale i Morgenbladet same dag som kampen skulle gå. Fotball vart der omtala som “en gammel national Sport i England, der drives saavel af Børn som af Voksne”.

[9] Norsk Idrætsblad no 21 1886.

[10] Sandblad Henrik: Olympia och Valhalla, idehistoriska aspekter av den moderne idrottsrörelsens framväxt, Almquist & Wiksell Int.,Stockholm 1985, s.77.

[11] Goksøyr Matti: Idrettsliv i borgerskapets by. Doktoravhandling NIH 1991, s.269.

[12] Ibid.

[13] Norsk Idrætsblad no 22 1886.

[14] Norsk Idrætsblad no 21 1886.

[15] Andersen P. Chr: Noregs Fotballforbund gjennem 25 år Oslo 1927 s.12.

[16] Goksøyr Matti, Olstad Finn: Fotball! Norges Fotballforbund 100år, Oslo 2002, s.33.

[17] Norsk Idrætsblad no 11 1887.

[18] Andersen P. Chr: Noregs Fotballforbund gjennem 25 år Oslo 1927, s.15.

[19] Hegna Hans, Om friluftslek og dens fremme, beretning fra en stipendiereise, Aktstykker Kristiania kommune, Dokument no.35 1903, s.3.            

[20] Ibid s.13.

[21] Ibid s.14-15.

[22] Ibid s.23.

[23] Centralforeningens årbok 1903, s.79-80, her gjengitt i Andersen P. Chr: Oslo Fotballkrets gjennem 25 år. Oslo 1933, s.179-180.

[24] Andersen P. Chr: Oslo Fotballkrets gjennem 25 år. Oslo 1933, s.180.

[25] Norsk Idrætsblad no 20 1904.


Copyright © Frode Fretland 2004.


Klicka här om du vill se och ladda ner artikeln som en utskriftsvänlig pdf-fil.

www.idrottsforum.org  |  Redaktörer Bo Carlsson & Kjell E. Eriksson  |  Ansvarig utgivare Aage Radmann